Open to all
Debate
Når er det nok? Miljøkonferansen i Etne
When
Where
Skakkesenteret, Etne
Strondavegen 24
5590 Etne
Norway
Klokka er fem på tolv - for Norge, resten av Europa og verda. Fuglar, insekter, dyreliv, fisk og fauna står i fare. Vi har sterke motkrefter – dei skal stadig ha litt meir her og litt meir der. Før lagde vi sko, klær, møblar, klokker og andre ting vi trengde for at det skulle vara – solid handverk som kunne nyttast i generasjonar. No har vi fått ein bruk-og-kastmentalitet og mykje-vil-ha-meirmentalitet som øydelegg miljøet rundt oss.
Laurdag 20.juni klokka fem på tolv (11.55) startar årets miljøkonferanse på Skakkesenteret i Etne.
Programmet vil gje oss fakta og diskusjon om fuglar, fisk og dyr - om vidda, mineralar og arealplanar i naturen – om konsekvensar og viktige vegval.
Naturvernforbundet, Motvind, Birdlife Norge og aksjonistar mot monstermaster og for natur- og miljøvern i Rogaland og Hordaland kjem.
Kva bekymrar oss i Etne, Vindafjord, Tysvær, på Haugalandet og på Stord, i Suldal, Sauda, Hardanger og andre stader?
Vi spør – og dei og du fortel!
Terje Kollbotn er påtroppande stortingsrepresentant frå Hardanger og Raudt Hordaland. Han skal erstatte Sofie Marhaug i energi- og miljøkomiteen i ein lengre periode, sidan Sofie skal bli mor i somar. Terje skal og delta som stortingsrepresentant på FN sitt naturtoppmøte i slutten av oktober og FN sitt klimatoppmøte i midten av november.
Han skal både lose oss gjennom denne brennaktuelle konferansen - og lytte aktivt til kva vi er bekymra for – og ta med seg gode innspel til både Stortinget og FN!
Anten du er aktiv i ein interesseorganisasjon, politikar uansett parti eller berre vanleg innbyggjar med interesse for natur- og miljøvern, så er du hjarteleg velkomen! Dette er ein miljøkonferanse der DU kan få løfta det du meiner er viktig, ut av kommunen og til Stortinget og FN!
Dagen etter, søndag 21.juni frå kl. 13.00 inviterer vi til open workshop, der det blir utvikla arbeidsgrupper, nettverk, samarbeid på tvers - og forslag til representantforslag (Dokument 8-forslag) som Terje Kollbotn kan reise på Stortinget til hausten!
Billettar til konferansen kan tingast på Skakke https:/skakke.no/program/ for kr. 200.
Kiosken på Skakke vil vere open under konferansen om du blir tørst eller svolten!